Tilbake til startsiden Vestsiden av Andøya. Foto: Idar Nilssen.

Dikteren Hans Lind - bauta på Andenes

Aktuelt fra distriktet  "Storskaden" nord av Andenes i 1821 \    Jonas Cornelius Falch

 

Tekst: Idar Nilssen

Minnesteinen over dikteren Hans Lind fra Andenes. Foto: Idar Nilssen. (Klikk for større bilde).

 

 

 

Lokalisering: Litt øst for Kiilgården på Andenes.

 

Tilbake til minnesmerker Relieff av Hans Lind. Foto: Idar Nilssen. (Klikk for større bilde).

   

 

Plaketten. Foto: Idar Nilssen. (Klikk for større bilde).

 

Hans Lind ble født på Andenes i 1866. Allerede i 1898, etter et opphold i Amerika, dro han til Sør-Afrika der han med få avbrekk ble værende livet ut. En slektning av Hans Lind, Tormod Nordeng fra Bjørnskinn, har laget en omtale av personen Hans Oluf Lind.

 

Hans Lind - mannen og diktaren

«Ein helgelandskall så hos oss låg på ror,
han kunne sett Paterdekt - remsa å ord,
di trilla så låt ifrå spelle.
Om gamlingen laug litte, sto han kje fast,
den skam ska han ikkje ha lagt te si last.
Høyr her ka han hadd å fortelle.

Om Hans Lind

Slik begynner diktaren Hans Lind sitt «Paterdekt» - eit maratondikt på 69 vers om Helgelandspresten Petter Dass og den berømmelige ferda som han skulle ha gjort til København på ryggen av «hinmannen» - på sjølvaste juledagen.

Hans Oluf Lind blei fødd på Andenes 1. september 1866. Faren heitte Jakob Parelius Mathias Lind og var son til kjøpmann Hans Olai Lind på Liland i Ofoten (Evenes) og kona Karen Margrethe, født Agersborg.

Lind-slekta går langt tilbake. Ein av forfedrane var teologen og diktaren Ole Hansen Nysted, som også var kjøpmann på Liland. Han levde samtidig med Petter Dass, altså på siste delen av 1600-tallet, og desse to stod på venskapleg fot med kvarandre og hadde også brevskifte.

Jakob Lind var ugift då han kom til Andøya, men her gifta han seg med Pauline Elea Jørgensdotter frå Bleik. Dei fekk sju barn, og Hans Oluf var den nest eldste.

Hans Lind har skildra barndomstida som ei god og lykkeleg tid - så lenge ho varte. Andenes og Bleik - desse to utgamle fiskeværa på nordpynten av den segnrike og forunderlige Andøya - hadde eit rikt og trivelig miljø å vekse opp i for ein våken gutunge. Hans Oluf brukte både auget og øyret godt. Best likte han seg når han var på meir eller mindre ulovlege turar i bårstua eller rorbua og fekk «kaillan» til å fortelje. Og då faren kjøpte gammalkjerka - som skulle bort for å gi plass til ei ny - fann han ei verd som var rik på både mystikk og mange gamle og rare kunstsaker.

Hans Lind tidlig i 20-årsalderen. Foto utlånt fra Tormod Nordeng. (Klikk for større bilde).

Barndomsminna blei ein kjær skatt for han, men lykka varte ikkje lenge. Han var berre ni gammal då mora døydde i 1875, og då også faren døydde to år seinare, blei heimen oppløyst. Forretninga var gått konkurs, og barneflokken måtte slekt og venner ta seg av. Hans Oluf og minstebarnet, toåringen John, kom til handelsmann Johan Ellingsen i Hovden. (Også Ellingsen kom frå Liland i Evenes og var halvbror til faren. Han hadde kjøpt Hovden i 1851 og dreiv stort med både fiskebruk og jordbruk - til det gjekk over styr omkring 1890.) Her blei Hans Oluf konfirmert 17. mai 1880 - knapt 14 år gammal, og stod som nummer en på kyrkjegolvet. Dei hadde hatt huslærar i Hovden, så han stod nok langt over jamaldringane i kunnskap, og no bar det ut i verda med han.

Det blei ei lang reis for 14-åringen - heilt til Lillehammer, der han skulle gå på middelskolen - som den seinare realskolen heitte då. Tre år seinare er han i Bergen, og det går rykte om at han vil inn ved tea­tret. Men han gir opp tanken, reiser nordover igjen, og slår inn på det einaste yrket som byd seg fram for ein tiltaksam unggut: Han blir krambusvein - eller handelsbetjent, som vi nok vil kalle det i dag - på Breistrand i Øksnes (Skogsøya). Her er han i fire år, frå 1883 til 1887. Deretter kjem han til kjøpmann Bordevich i Henningsvær og blir der i to - tre år.

Hans Lind som 24-åring. Foto utlånt fra Tormod Nordeng. (Klikk for større bilde).

Omkring 1890 reiste han til Amerika og var der nokre år. Mesteparten av tida arbeidde han på ein fabrikk for landbruksmaskinar i Chicago. Så tilbake til heimlandet ei tid, men i 1898 reiste han til Sør­Afrika. Der prøvde han seg på litt av kvart på forskjellige stader, og var blant anna med i boerkrigen omkring hundreårsskiftet.

I 1901 gifta han seg i Durban med Johanna Bordewich, dotter til den gamle sjefen sin i Henningsvær. Etter eit kort opphald i England i 1903, kom dei nygifte tilbake til Noreg. Men Lind hadde ikkje ro i seg, og drog snart tilbake til Sør-Afrika igjen åleine.

Tre år etter kom han heim og arbeidde i Oslo eit par års tid. Men i 1908 bar det til Afrika igjen - for tredje gong, og denne gongen var kona og dei to små døtrene deres med. Lind fekk seg arbeid i Johannesburg, der også den yngste broren, John, hadde slått seg ned.

Hans Lind i 1903. Foto utlånt fra Tormod Nordeng. (Klikk for større bilde).

Då den første verdenskrigen slutta, i 1918, bar det til Noreg igjen, og meininga var nok å slå seg til her heime for godt. Frå 1919 til 1932 var han kontorsjef i firmaet Wittusen & Jensen i Oslo - som slektningar av kona dreiv. Han ville helst hatt seg arbeid heime i Nordland, men nedgangstida i 20-åra gav han ikkje sjanse til det. Det var vanskeleg nok i Oslo - med dårleg hus og lang veg til arbeidet. Døtrene hans fann seg ikkje til rette her i landet, og så snart dei var ferdige med utdanninga si, reiste dei til Johannesburg. Dette drog på foreldra, og i 1932 reiste Lind og kona etter. Men helsa hans hadde fått ein knekk. Han hosta og kjende seg skral, men trudde at det skulle rette seg når han kom til varmare strøk. Det gjekk ikkje slik. Det var tuberkulose, sjukdomen som herja vilt i mellomkrigstida, og 3. mars 1935 døydde Hans Lind på hospitalet i Johannesburg, vel 68 år gammal.

Hans Lind i 1930. Foto utlånt fra Tormod Nordeng. (Klikk for større bilde).

Frå 1918 og utover gjekk det føre seg eit brevskifte mellom Hans Lind og eit søskenbarn på Andøya. (Far til forfatteren av denne art.) Siste brevet frå heimlandet nådde han ikkje i live, så svarbrevet kom frå kona, Johanna Lind. Der skriv ho mellom anna: «Jeg ville ønske han hadde fått Deres brev. Jeg leste det med dyp bevegelse. Og så at De ønsket hans biografi nu. Det var så merkelig nettopp da. Ja, jeg ønsker også at hans minne skal bevares. Det fortjener han - både som forfatter og menneske. Han var en stor sjel og et edelt menneske, men hans særskilte begavelse fikk ikke folde seg ut under de forhold han levet. Jeg håper inderlig Nordlandsviser kommer ut igjen. Den fortjener det, og brukes meget av skue­spillere og til opplesning.»

Som vi forstår, var ikkje livet til Hans Lind nokon dans på roser - som det heller ikkje var for mange menneske her i landet i den tida. Alt tyder på at han ikkje kom på rett hylle her i livet. Han var glad i å lese allerede i barndommen - serleg var han glad i Snorres Kongesoger. Skrive gjorde han også, og det første diktet hans i ungdommen var om Olav Tryggvason. Diktartrongen auka med åra, og heilt til det siste sysla han med skriving. Jamvel i dei slitsame åra i Oslo, då han brukte opptil seks timar dagleg til reise til og frå kontoret, satt han om kveldane og skreiv: dikt, romanar og skuespell - og både på norsk og engelsk. Det stansa han ikkje at han ikkje fann noko forlag son ville gje ut bokverka hans - endå om dei hadde mykje godt å seie om arbeidet hans. Kanskje gjorde det sitt at han levde og skreiv i eit språkmiljø som hørte heime i ei framfaren tid. Det einaste som er blitt trykt, er diktboka «Nordlandsviser» - forutan nokre fortellingar og dikt i blad og årsskrift, til dømes det gamle juleheftet Andungen først på 20-tallet. Somt er skreve her i landet, og somt i Afrika, men emne og språktone er nordlandsk - som ute blant fremmede er blitt nært og kjært.

I eit radiokåseri som kringkastingsmannen Odd Smith Robertsen frå Tromsø heldt 1. september 1966 - på 100-årsdagen for Linds fødsel, hadde han blant annet eit intervju med ei søsterdotter av Hans Lind, Olga Lind Hærem Rivertz. Der fortel fru Rivertz blant annet: «Jeg møtte ham flere ganger og bodde to år hos ham. Første gang i 1922-23, da vi var flyttet til Drammen og jeg skulle gå på lærerskole i Oslo. Og andre gangen, det var etter at jeg hadde vært lærerinne i Lyngen og ble syk så jeg måtte tilbake til Oslo. Min onkel var en stille, innadvendt og meget vennlig person. Jeg hadde inntrykk av at han levet i sin egen verden. Han var en absolutt kunstnertype, og hensynsfullhet var hans sterkeste side, så derfor var han kanskje ikke så sterk Språket hans var et gammeldags riksmål med utpreget nordnorsk aksent, så tonefallet hadde han beholdt fullt ut. Han hadde en del kontakter, og han levet opp når han fikk besøk avfolk som kunne fortelle fra Nord­Norge. Han skrev bestandig. Når han kom hjem fra kontoret og hadde spist middag, gikk han og satt og skrev til kaffetid. Etterpå gikk han inn igjen og skrev. Maskinen gikk bestandig. Jeg vet ikke hva han skrev. Jeg hadde lyst til å se det, men jeg spurte aldri.

Han leste aldri noen av diktene sine. Jeg vet ikke hva grunnen var. En kan nok si at Lind ikke fikk noen forståelse for diktene sine verken fra sin kone eller fra sine døtre. Diktningen gav ellers ingen økonomisk gevinst, og familien syntes nok at Lind var for mye opptatt av skrivemaskinen sin. Han var nok på sett og vis tilfreds med sin tilværelse som kontormann i Oslo, men mitt inntrykk av han var at han var noe vemodig og fjern. Han levde i sin egen verden, og jeg tror at hans hjerte var i Nordland.»

Som ein forstår av dette intervjuet - og det føregåande brevet, er der ein sår klang med omsyn til å fa dikta og romanmanuskripta utgitt og kjent. Men her må ein vere merksam på at første utgåva av Nordlandsviser kom alt i 1910 - medan Lind var i Afrika for 3. gong. Opplaget var på 1.100 eksemplar, men berre ein liten del blei seld. 2. utgåva kom i 1936, altså året etter at Lind døydde, og opplaget var på 1.400 eksemplar. Dr. philos. Hallfrid Christensen, språk. og dialektforskar, stod for konsulentarbeidet.

I 1958 kom utgåve nr. 3 - 1.600 eksemplar, og med folkehøgskolestyrer Trygve Wicklund frå Kabel­våg som tilretteleggjar. Han hadde lagt ned eit stort arbeid med å få i stand ein biografi om Hans Lind, og det er denne som i hovudsaka ligg til grunn for denne artikkelen. (Brevskiftet som Wicklund hadde med folk frå heile landet - og andre land - finnes hos forfattaren av denne artikkelen.)

Fjerde og siste utgåva kom i 1977 - ei praktbok, serleg samanlikna med dei tre første utgåvene. Professor Kåre Elstad frå Borge stod for utformimga denne gongen. Femten av dei 26 dikta har fått tone - halvparten komponert av vesterålskomponisten Ketil Vea frå Bø. Dessutan finst det nokre lokale folketonar, ein er komponert av Alfred Evensen og ein av Hagbart Elstad frå Borge. Dessutan har boka ein del teikningar av kunstnaren Karl Erik Harr.

Aller siste «utgåva» av Nordlandsviser er skipa til av trubaduren Dag Kajander frå Kabelvåg. 11999 gav han ut ein CD, «Feskarliv anno 1900», med 15 Hans Lind-viser med eigen musikk. Dette er vel det einaste Hans Lind-produktet som framleis er å få tak i.

Dette at Hans Lind skreiv dikta og visene sine på dialekt, var nok ein del av årsaka til at ikkje Nord­landsviser slo gjennom før krigen. Lind låg nok eit par mannsaldrar framføre si tid på den måten. Men ettersom vi veit at dialektane er blitt meir og meir påansa og tatt i bruk dei siste to - tre tiåra, må vi rekne med at den kulturhistoriske verdien av dette verket berre blir større og større etter kvart som åra går. Også arbeidet og slitet på land og hav går i glømmeboka om det ikkje blir nedskreve. (jamfør Bojers «Den siste viking» og Hamsuns «Markens grøde».)

Dersom ein skal gjere ei språklett vurdering av dikta i Nordlandsviser, høver det på ein måte best å samanlikne Hans Lind med Edvard Storm. Storm var vel den første i landet som skreiv på dialekt (dølamål), slik som vi kjenner det frå visene «Oss ha gjort kå gjerast skulle» og «Markje grønast, snjogen bråna».

Heller ikkje Storm nådde opp blant dei store, men dølevisene hans vil - som Linds Nordlandsviser - leve så lenge som folk har sans for diktning og kultur.

Hovudforskjellen mellom desse to er at medan Storm heldt seg til Dovremålet, så tumlar Lind seg mellom fleire nordlandsdialekter (Helgelands-, Salten-, Lofot- og Vesterålsmål). Heller ikkje er avgrensinga mellom dialektane fullgod. Dette er likevel for ingenting å rekne samanlikna med heilskapen i arbeidet. Storm skreiv lyriske stemningsdikt, medan Lind gir breie, humoristiske skildringar av folkeliv og arbeidsliv - og gir dermed ei innføring i nordnorsk kultur og folkelynne.

«Paterdekt» (det vil si Petter-dikt) som opningsverset er henta frå, fortel altså om Petter Dass og den ferda som han skulle ha gjort til kongens København for å halde julepreika for kongen. Men han hadde fått varslet så seint at han rakk ikkje vanleg skyss.

Derfor måtte han mane fram «hinmannen» og bruke han til ridehest. Som betaling for skyssen skulle skysskaren få sjelene til dei som sovna i kyrkja. Avtalen med kongen var at han skulle finne teksten på preikestolen, men der låg berre eit blankt papirark. Presten såg på arket, snudde det og sa: «Her var intet, og der var intet, og av intet skapte Gud verden.» Og så heldt han ei dundrande preik om skapinga - og ingen sovna under preika. Dermed blei skysskaren snytt for betalinga, men han var ikkje blid då dei for heim. Dette diktet omfattar 25 sider av dei 80 tekst­sidene i boka - altså nær tredelen.

Det har somtid blitt spurt om kva slag nytte ein har gjort seg - og kan gjere seg - av boka Nordlands­viser. Mange har sikkert hørt Ottar Wicklund lese både «Lofotbrev» og «Brev heimana» - og kanskje også «Presten og skyssen» med Wicklund og Claes Gill. Elles har somme av dikta vore opplesne eller deklamerte på samkomer av ulike slag. Blant anna var dei mykje brukt på Andøya under ein lokal ungdoms- og kulturaksjon på første halvdelen av 30-tallet, og dei blir delvis brukt den dag i dag.

Forutan dikta i boka Nordlandsviser og dei før nemnde i den gamle Andungen, let Hans Lind etter seg fleire bokmanuskript. Sju av desse - på fire boktitlar - veit vi av. Trygve Wicklund meinte at det skulle finnast 8-9 romanar i tillegg, men kor desse kan vere, veit ein ikkje. Det same gjeld ei omsetting av den amerikanske diktaren Longfellows episke dikt «Hiawatha» (ein sioux-indianarhøvding som levde på 1500-tallet.)

I tillegg til diktarevna var Hans Lind også musikalsk. I ungkarstida i Johannesburg tok han undervisning i pianospel. Han sysla også med komposisjon og kontrapunkt (to eller fleire melodiar som kan synges/speles parallelt, som til dømes gjennomgangsmelodien i filmen «Broen over Quai» eller når vi syng kanon eller «kråkekor»). «Det er meget mulig», skriv dotter hans, Karin Lind (musikklærar) i brev til Trygve Wicklund, «at han kunne ha drevet det til noe, men tiden strakk aldri til for ham. Ved gullminene var det en lang arbeidsdag.»

(Stoffet til denne artikkelen er for det meste henta frå Wicklunds biograf i boka Nordlandsviser med tillegg frå Odd Smith Robertsens radiokåseri og breva frå Hans Lind.)

 

Tilbake til startsiden Tilbake til minnesmerker

Alle bautaer i Andøy>>

Minnebauta over Helmer Hanssen på Andenes

Minnebautaen på Andenes fra siste krig

Kongesteinen i Risøyhamn

Minnebauta over Helmer Hanssen i Bjørnskinn

Minnebautaen i Bjørnskinn fra siste krig

Minnebauta på Andenes over dikteren Hans Lind

Minnebauta på Dverberg fra siste krig

Minnebauta på Dverberg - Augustinus Sellevold

Fiskerbautaen - Dverberg

Byste av Torstein Pettersen Raaby - Dverberg

Bautaen på Vær-bakkan på Andenes

Brua ved Lanesskogen (Anderså-brua)