Aktuelt fra distriktet

Tilbake til startsiden

Vindmølla på Kvalnes på Andøya. Foto: Idar Nilssen.

 

Sykkelfabrikken - Dverberg

 

Tilbake til bygninger Tekst/redigering: Idar Nilssen

Bygningen der Ulrik Dahle drev blant annet sykkelfabrikken som produserte syklene av merket "Nordkap". På den vesle bygningen til venstre sto vindmølla. Bildet er tatt i 2007. Foto: Idar Nilssen. (Klikk på bildet for større bilde.)

 

Omtalen er hentet fra And-Ungen i 1929, der Magnus Nilssen skrev minneord om Ulrik Dahle.

 

 

Dahle – Dverberg, det lyr som eit slagord, og eit slagord har det vore i siste mannsalder. For Dahle heite han og på Dverberg budde han, - denne merkelege mannen med dei mange initiativ, og den store arbeidsevna sameint med ein høgboren idealitet.

No er Dahle død, men tankane og ideane hans, kort sagt ånda hans vil sviv om og over dei tiltak og saker som han bala med. - Og det kom på eit ut anten dei var til vinning eller tap for han, så blei det til vinning for andre; for dei lærte av han.

Ulrik Dahle var fødd på Helgeland i 1866. Han kom til Dverberg for omlag 40 år sidan. Det stod ikkje vidare bra til med jordbruket her på Andøya då. Den jordflekken som Dahle kom til å arbeide på som sin var liten, vatnsjuk og knapt slåande. Men Dahle tok fatt. Det var tungt og det kosta; men han gav ikkje op. Det kunde ikkje bli noko storbruk, for det var vidda forlita til, men eit mønsterbruk, - og eit mønsterbruk blei det som i avling og avdrott kan jamstilles med mangt eit storbruk. Kva Dahle ofra av tid og pengar i åra frametter når det galdt jordbruket og binæringane til dette, er det ingen som veit; men at sambygdingane hans fekk nyte mykje godt av røynslene hans, det veit mange.

Etter at hovudvegen var komen gjennem bygda tok han til med sykkelfabrikken sin, Nordkap, og gav derved bygdefolk og mange, mange andre eit godt høve til å få seg eit framifrå samferdselsmiddel.

Sigurd Øvergård fra Nordmela med ny Nordkap-sykkel fra fabrikken til Ulrik Dahle. Foto utlånt fra Sigurd Øvergård. (Klikk for større bilde).

 

 

 

Med vindmylna si flytte han noko av Holland, eller Danmark til bygda si, for å skaffe elektrisk lys så langt det let seg gjere.

Ein må leite langt for å finne sidestykke til dette som her er nemd. Og det er ikkje alt; men det er av dei ting som lengst vil minne om dei tiltak Dahle fekk til, og som kom til å bli røynd. Når det ein gong i framtida blir så at bygda får seg kornmylna, påny, så er det ein av Dahle sine planer som blir verkeleggjorde.

Samleis vil det også bli med eit Andøy Meieri.

Ulrik Dahle kunde som få høre på andre sine meiningar og leita med ærleg vilje etter sanningar i dei. Han hadde ei sterk tru på det gode i menneskelivet. Han var ei eldsjel som brann med høg, klår låge mot det som stig høgt over jordelivet, mot Gud. Og denne ljosken bar han med seg kor han gjekk og for, i heimen sin, i verkstaden sin, til venene sine, til alle han møtte. Den gav han det lyse milde andletsdraget, sjølv i motgang; den gav han hans sterke tru; den gav hans ord makt.

 

Vindmølla og sykkelfabrikken slik den så ut på 1920-tallet. Bildet er hentet fra And-Ungen i 1929. (Klikk for større bilde).

 

Tilbake til bygninger         Tilbake til startsiden

Andre bygninger i Andøy>>

Gammelgården i Risøyhamn

Strandland skole  (Fotografier)

Andøya Meieri

Sykkelfabrikken - Dverberg

Gammelskolen - Åse

Pettersengården - Nordmela

Skogvoll skole

Ånes skole

Bjørnskinn skole

Saura gamle skole

Bø skole

Nøss skole

Kiilgården - Andenes

Åknes skole  (Fotogalleri)

Gammelskolen - Medby  (Fotogalleri)

Slippen til Haakon Aronsen - Risøyhamn

U.L. Lyngblomen - Ungdomshuset på Åse (Fotogalleri)

Stave skole  (Fotogalleri)

Å skole

Dverberg gamle skole

Nordmela skole (Fotogalleri)

Breivika skole

Skjolde gamle skole

Andenes gamle skole

Arresten - Andenes

Vesterbryn - Andenes

Overgårdbrygga - Andenes

Fjærland - Andenes

Garmo - Andenes

Gamle posthuset - Andenes

Elim - Andenes

Losjen - Andenes

Fyrvokterboligen - Andenes

"Russerbua" - Andenes

Menighetshuset på Dverberg

Prestegården på Dverberg

Bleik gamle skole

Klokkergården på Dverberg 

Drengstua på Klokkergården på Dverberg 

Dverberg kommunehus Dverberg samfunnshus

Gammelbutikken i Risøyhamn

Bjørkely Cafè & Pensjonat i Risøyhamn

"Andøyheimen" i Risøyhamn

"Stabburet" ved Gammelgården i Risøyhamn

Ungdomshuset i Bjørnskinn

Soltun skole - Gavlen   (Fotografier)  

Risøyhamn skole - Risøyhamn  (Fotografier)

Hussamlingen "Veita" på Andenes