Tilbake til startsiden Åknes sett fra havna. Foto: Idar Nilssen.

Åknes skole

 

Åknes skole  (Fotogalleri)

 

 

 

Opplysningene om denne og de andre nevnte skolene er innhentet i Skjoldehamn og på Bø.

Tilbake til bygninger  

 

Skolebygningen på Haugen slik den så ut en gang. Foto utlånt fra Eli Nordjord Hætta. (Klikk for større bilde).

 

I skolestyremøtet 14. november 1892 ble det vedtatt å bygge fire skolehus: , Åknes, Skjolde og Fornes. For Fornes' vedkommende ble navnet senere endret til Medby skole.

Den 12. juni 1897 vedtok skolestyret anbudet fra Kristian Kvile, Harstad på skolene Skjolde, Medby og Bø. Åknes var ikke med her.

Man antar dermed at skolen på Haugen, Åknes skole, ble oppført litt senere, trolig rundt århundreskiftet.

Skolekretsen besto av Svindalen, Åknes, Haugen og Sørmela. Elevene fra Svindalen måtte som hovedregel innkvarteres i nærheten av skolen.

Beskrivelse av skolen  

Randi Nordjord har skrevet en artikkel om skoletiden i årene 1944-52, som vi gjengir her. Hun har òg laget en beskrivelse av skolebygningen m. m., bruk lenken til venstre.  Søsteren, Eli Nordjord Hætta, skrev en tilsvarende artikkel i årboka for 2005.

 

Fotogalleri fra skolen
Minne frå skoletida 1944-1952
 

Begrepet skole sette eg frå først av aldri i samband med noko offentleg.  Nei, skolen, det var nordstua i huset vårt på Nordjorda. Det var krig og tyskeran hadde tatt skolen, lokalet, otto-husan (Otto Haugen) samt kontoret til Otto. Familien hadde flytta opp i Nora-hytta.

Veit ikkje ka tid vi fekk to skoleklassar på skift i stua vår, men det var ei artig og livleg tid for ein unge. Gutane har eg berre vage minne om, men jentene syntes eg var så pene og snille. Gerd Alpøy frå Sørmela (f. 1928) ei frå det eldste kullet, knytte kaninskinnshua mi med vottane på og ho telte fregnene mine som var nokså fåtallige i den tida. (Gerd bur no i Østerås som ligg i Asker eller Bærum).  Ja, eg fekk mykje oppmerksomhet frå dei store jentene.

Eg hadde gått eit år på skolen då veslesøster kom til verda i kammerset heime.  Læraren sa at vi ikkje måtte bråke, for det var "sjuke folk" i huset. Eg skjøna ikkje dette, for dei som låg, mamma og veslesøster, var då så friske at. Mor var oppe og stelte ungen som tradisjonen tru blei lagt i den største kommodeskuffa og plassert oppå kommoden. 

Eg hadde lært å lese samtidig med storebror Per, så eg var ivrig etter å kome vidare. Så akkurat det første året var ikkje det mest artige. Følte eg blei halden igjen når det gjalt lesinga så eg fann på så mykje anna rart at eg ein vakker dag måtte sitte i skammekroken ein heil time.

Tok altså til på skolen i 1944 og hadde berre to dørstokkar å gå over til skolestua. Det var stort å sitte der å" høre tel", hugsar eg. Året etter var krigen slutt og vi flytta nord på skolen.

Jenny Tollevsen (1893-1990, frå Sørmela) var pedell og det var alltid godt å komme inn i varmen etter at ho hadde vore der. (Jenny budde på Haugen)

I utgangspunktet var det tre klassar på Åknes, men så blei skolen todelt. Etter ei tid var vi så få at vi hadde berre ein klasse. Det var på slutten av mi skoletid og Nora Andreassen(1894-1965,frå Haugen) var komen attende til heimplassen som lærar samtidig som ho skola på Nøss. I staden for å ha alle elevane på same tid i ein klasse, skola ho dei minste om føremiddagen og dei største om ettermiddagen. Dette var nok bra for elevane, men for nokre krefter Nora måtte ha som greide det. Det blei ekstra lange dagar på henne den 14-dagersperioden ho var på Åknes.

Nora Andreassen. Foto utlånt fra Eli Nordjord Hætta. (Klikk for større bilde).

 

 

 

Øyvind Hansson frå Bjørnskinn var læraren min dei første åra. Dottera Torhild byrja på skolen rett etter krigen og vi var venninner.

Storebror Per fylgde meg til første skoledagen der nord og det var godt å ha ei hand å halde i på veg til det ukjente. Komen halvvegs nord på vegen, gjorde han meg merksam på at lyset frå Anda fyr skifta frå raudt til blankt. Kem eg seinare gjekk den vegen med, kunne eg ikkje la være å gjere dei merksam på dette.

Sjølv om vi hadde mange fine fag, syntes vi småskoleungar at friminutta var dei beste. Nedafor skolen var ei herleg utmark der ein kunne plukke tægerbær om hausten. Eit år var det lemenår og då var det ikkje særleg freistande å ete bæra, men vi gjorde det.

Elles kasta vi "anti-over" og jentene spela ein del ball. Beherska ei stund både Åknes-, Bø- og Nøss-spelet, det hadde vel vore ei viss "kulturutveksling" gardane imellom.

"Anti-over" var eit spel med  to lag, eit på kvar side av skolen. Vi kasta ballen over taket. Greide nokon på det andre laget å ta ballen, kunne dei springe rundt og stikke ein frå det første laget. Den som blei truffen, måtte gå over til det andre laget. Denne leiken kunne vi halde på med i mange friminutt. Det laget som til slutt hadde alle på si side, hadde vunne.

Når friminuttet var ferdig, stilla jentene opp i ei rekke og gutane i ei. Når alle var på plass, sa Hansson" Fremad marsj". Det var ikkje mykje nøling då, alle pilte opp trappa, gleid på luggane i gangen og skunda seg vidare til pultane.

Etter krigen fekk vi havresuppe og tran på skolen. Lurar på om denne kokinga gjekk på omgang mellom mødrene. Den var i alle høve varm når den blei levert i storfriminuttet, og smaka herleg. Godt for magre og blodfattige ungar, men det var dei som syntes den var fæl. Der kom og svenskepakkar til skolen, som blei delt ut til dei forskjellige elevane etter beste skjønn. Det var m.a. tørrmelk og ein lyserød, grusom tannkrem.  Det var eit ork å pusse tennene i den, men når den blei blanda med voks som vi hadde funne med fjæra, var den slett ikkje verst. Då kalla vi den for tyggegummi.

Når vi skreiv takkebrev til svenskane (der låg eit kort med avsendarnamn inni pakken) fekk vi gjerne nye sendingar med klede m.a. Desse kleda kom verkeleg godt med sidan det i mange år var vanskeleg å få tak i tekstilar.

To gonger i mi skoletid var vi hos skoletannlegen. Då møtte vi på skolen før vi for med bussen til Risøyhamn. Veit ikkje om det var omreisande tannhelseteneste i den tida for eg høyrde aldri om tannlegebesøk utanom desse obligatoriske. Tannlegen og assistentane snakka dansk og var forferdeleg hardhendte. Det hugsar eg godt, alle var enige om det.

Om vinteren var det mindre å ta seg til, men vi basa no i snøen og fann på eit og anna. Det var ikkje alltid ytterplagga nådde å tørke til vi skulle ut att. Vi laga englar i snøen, og den tradisjonen ser ut til å ha halde seg fram til i dag.

Etter at lærar Hansson med familie flytta til Haugnes og seinare til Andenes, tok Gustav Uhre frå Sørmela til å skole storskolen og Per Elvenes frå Sortlandstraktene skolte småskolen. Då Per Elvenes slutta og eg skulle i storskolen, fekk eg Gustav. Kvidde meg så til storskolen fordi at Gustav hadde vore hos oss sommaren før og bygd silo. Då hadde eg erta han så grassat at han tok meg i nakkekragen og løfta meg samtidig som han sprang bortetter gårdsplassen. Det var såvidt føtene tæpa i marka av og til.  Det var forferdeleg. Veit ikkje ka eg venta meg, men Gustav var både ein snill og inspirerande  lærar. Og luftseilasen, den glømte eg snart.  I hans tid teikna vi  stilleben i teiknetimane og i friminutta hoppa vi høgde og hadde diverse løp.

Riulf Pedersen frå Lofoten skola i eit år, kanhende halvanna. I så fall må Gustav ha vore halvanna år på Åknesskolen. Riulf Pedersen var ivrig med på barnemøter som eg meiner vi hadde om søndagane. Utlodning og handskreve blad hørte med. Han fekk og i stand tur til Haugnes der vi besøkte familien Hansson. Der fekk vi kakao og herlege smørbrød. Veldig koselig å treffe dei igjen, særleg Torhild som eg hadde gått på skolen med og vore mykje i lag med elles og.

Nora Andreassen gjekk eg hos dei to siste skoleåra mine. Vi hadde både skøyte- og skiutfarter då. Har ikkje vore på isen på Latjønna i Sandhaugan verken før eller etter denne tida. Premiar vanka det og, hugsar eg. Ein gong gjekk vi til Nøss på ski og traff Nøssungane. Nora spanderte drosje heim, det var stort.

Den nye tellemåten tok til i 1951 og i den tida var vi med Nora på skoletur via Sortland (vi overnatta på turisthotellet der) til Harstad der vi m.a. var i Trondeneskyrkja. Vi observerte at kongefamilien hadde skreve namna sine i kyrkjeboka på Trondarnes. Alt var overveldande og nytt. Hugsar ikkje reisemåten, men eg trur vi kom heim med hurtigruta.

I 1945, 17. mai, gjekk både skoleborn og vaksne til kyrkja i Bjørnskinn. Dei som hadde syklar, nytta sjølvsagt dei. I byrjinga var det mange av oss, og eg ser for meg folk både føre og etter Bergliot Hanssen (f.1929) og meg. Etter ei tid fekk eg sitte på hos mannen til ein slektning av oss, Bård Bertelsen frå Harstad. Han og kona Gerda Aronsen var heime hos foreldre hennar på Sørmela og hadde syklar begge to. Hugsar eg hadde vondt i helane og var glad for skyss, men syntes det var leit å forlate Bergliot. Bergliot, som var tenestejente hos oss på den tida, fekk etter kvart "sitte på", ho og. Reknar med at vi kom oss heim på same måten, utan at eg spesielt hugsar det.

Den høgtidsstunda i kyrkja var nok det flottaste og mest gripande eg har opplevd, og kyrkja var stapp full. Egil Sæbø, som hadde vore prest i ei årrekke, forretta. I 1949 hadde han avskjedspreika si.

Skolen, den er no vekke, men elevane frå den tida er det endå nokre att av. Kor i verda vi måtte kome frå, når vi møtes, er det alltid skolen som kjem på bane. I sanning kan det seiast at skolen vår gav eit godt grunnlag til å bygge vidare på. Og det var jo og meininga.

 

 
Tilbake til bygninger
Tilbake til startsiden

Randi Nordjord, f. 1936 på Åknes i dåverande Bjørnskinn kommune. Trondarnes folkehøgskole 1953-54. J. Mehus handelsskole, Harstad 1955-56.  Tilsett ved Statens havnevesen, Bergen 1956-79. Tilsett i NSB 1979-97, dei siste åra som stasjonsmeister på Dale.