Tilbake til startsiden Jekta "Brødrene". Foto: Idar Nilssen.

Sang om Andøya og andøybuen

 

Aktuelt fra distriktet Ingvald Forsberg (1888-1933). Han var opprinnelig fra Nordfolda. Han var  journalist og forfattter, og var ofte på Andøya i forbindelse med foredrag i ungdomslag o. a.  Sangen ble skrevet rundt 1915.
 
Tilbake til oversikten
  John Svenning har tatt vare på teksten og har stilt den til disposisjon for nettsiden.
   

Eg ser attende langt i sogatida

då vikingsonen stemnde til havs

og gjennom havblå dis og sjøgrønt kav

såg øya stige opp med lange lia,

- då brann det stort i i stolte vikingsinn.

Her vil eg tufte fremtidsheimen min.

 

Og saman med den hjartemjuke møya

Han tok til å rydde på det gamle Omd.

Og etterkvart som åra gjekk og kom

det fleire vart til folke flate øya.

Snart låg det gard i gard frå sør til nord,

og blomen vaks og spratt i gjødde jord.

 

Om skogen kvarv og fugleflokken minka,

då molta rødna like fint på myr.

Og utanfor - som draumeeventyr

låg blåe have og i solglans blinka.

Då tenkte guten, såg mot blånen ut,

her drøymer råd mot all vår trong og sut.

 

Og soleis har det gått ut gjennom åra

- dei djupe dypter støtt ny rikdom gav.

Men vågeferda vart så mangeins grav,

og folket blødde tungt av store såra.

So mang ei kvinne sat med gråt i sinn

og sørgde over fallne venen sin.

 

Det var så kaldt i vesle fiskarbua,

det gliste svart frå tome minneplass.

Men guten hessa segle, la til havs

med mote leikende i pågangstrua.

Den spræke havbua er som vidjetein,

hen retter straks si mjuke vilje-grein.

 

Han silde lenge lette nordlandsbåten,

ell tøygde seg på åran tak for tak

når sjøen drøymde blid i ro og mak

og fuglen skreik med glade godværslåten.

- Men etterkvart som fiske flytta ut

han sto i tankar tidt den gjæve gut.

 

Då kom den nye tid og løyste knuten;

snart banka det av knappe motorslag;

det bar på storhav ut i harde jag,

så vardan blåna bort på heimenuten.

Og då han atter stemnde inn mot land

det nye voner i hans bringe brann.

 

Han hadde våga og han hadde vunne;

no var han kar til henta skatten heim.

Han stod og smilte midt i olje-eim

og tenkte på den gruva han ha’ funne.

Det song i hugen stort og blåneblått;

han såg i syner livsens fremtidsslott.

 

- Ja, damp og olje er hans trugne tenar

og strid for live er hans største sak;

men sjå dei mange tunge ålvorstak

som enn ligg ventar på hans sterke senar;

- sjå myrevidda endelaus og stor;

ho kunde ble den beste grødejord!

 

Det er ‘kje nok å ride bratte båra,

no laut han prøve på den blaute myr,

det er ‘kje mindre verk og eventyr

å sjå det gulne etter pløygde fora.

Her ligg i morgondis eit urutt land

og ventar på den friske redningsmann.

 

Ja, tenk deg heile Omd med brikne bøar,

med aksa svagende i solgangsvind!

Det brenner sterkt i opne havbu-sinn,

når synet femner gule åker-sjøar.

Då først med all sin hug han seie kann:

No har eg vunne mine fedres land.

 

Tilbake til startsiden         Tilbake til oversikten