Aktuelt fra distriktet

Grytøya. Foto: Idar Nilssen.

Mathias Ingebrigtsen fra Åse

 

Tilbake til And-Ungen  

Denne fortelling er skrevet av Magnus Nilssen og gjengitt i "And-Ungen" fra 1928.

Tilbake til startsiden

 

Mathias Ingebrigtsen var fødd på Åse 24. oktober 1832. Han døde 30. april 1928, vel 95 1/2 år gamal. Det siste året han levde, var han det eldste menneske på Andøya.

 

 

Far til Mathias heitte Ingebrigt Knutsen og budde på Åse. Han var son til Knut Løvendal. Mora heitte Anne Marie Krøpelin og var frå Bergen.

I sine siste barne- og fyrste ungdomsår var Mathias hos Johan Fredrik på Å. Johan Fredrik budde på Gammelhaugen. Han var murar, husbyggjar og elles kunnig til noko av kvart med hendene. Av Johan Fredrik lærte så Mathias mykje som kom han til stor nytte seinare i livet. Fleire av dei husa han bygde, står enno, og lodding og anna reparasjonsarbeid heldt han på med til ei kort tid før han døde.

Elles var det for Mathias, som for dei fleste an­dre, både før og no, at det var å ty til det som havet gav. 16-17 år gamal var han fyrste gongen borte på fiske. Han var leikar med styrmann på bergensjekt, Petter Isaksa, Bjørnskinn, og rodde i Voje i Vesterålen. - 18 år gamal var han leiekar til Even Falch, Risøyhamn, seinare Stø. Høvedsmannen det året var styrmann på bergensjekt, Karper Paulsen, Traner. Dei rodde på Steine i Lofoten. Tredje gongen var han borte saman med Jøren (Jørgen) Sellevoll. Dei rodde på Hopen i Lofoten. - Frå den tid dreiv Mathias juksafiske på småbåt i Lofoten kvart år i 47 år, og var høvedsmann alle åra. Han rodde i Raftsund på Steine i Sørvågen og Oddvær eit gamalt fiskevær ytst i Austnesfjorden.

I det halvhundra år han rodde fiske i Lofoten, var han med både i « Berettighetset» og «Buset», selde fisk til kr. 5.00 pr. storhundra (120 stykker). Ja han var også med i det i den seinare tid så mykje omskrivne Trollfjordslaget, og ein av dei aller fyrste som smatt gjenom sperret.

Elles dreiv han fiske med lina og juksa i Andfjorden. Han var ein sers heldig fiskar, men tolte dårleg sjøen.

I hans tid var det ikkje så mange kommunale tillitsyrkje som det no er. Men i den tida «han bar sitt beste regel», mellom 1860-70, var han nokre år medlem av skolekommisjonen og fattigkommisjonen. Ei tid var han også rodemann, og det er truleg enno dei som minnest ein samanstøyt mellom Mathias og krigskommissær Tidemann i gammelborstua til lensmann Gansmo på Myre.

Mathias var på fleire måtar ein fyregangsmann. Han var i kvart fall den fyrste på Åse som fekk seg sommarfjøs, torvskjå, komfyr, seperator og symaskin.

I 1861 blei Mathias gift med Johanna Johansen, Åse. Ho døde i 1867. Dei hadde 4 barn. To av dei døde med dei var små. I 1869 gifta han seg med Sara Heitmann frå Hov på Helgeland. Ho døde i 1897. Dei hadde 5 barn og alle lever. Då Mathias døde, let han etter seg i livet 7 barn, 16 barnebarn og 9 barnebarnsbarn.

Mathias var svært glad i barn, og barna var glad i han. Dei tala med han ute, dei gjekk inn i stua hans og sat og lydde når han fortalde. Romhendt som han også var, var det tidt dei kom frå han og hadde fått noko godt. Mot dei vaksne var han alltid grei og hjelpsam. Ein staut mann.

Og ein ordensmann! Han let sanneleg ikkje sakene sine liggje på rek. Med omsyn til orden tør vi samanlikne han med Bjørnsons Ole Nordistuen: «der skal stabben stå og der skal øksen ligge, og der kniven, - der nettop». Han var ein type av dei gamle som meir og meir dør ut og gir større rom for eit folk av idag.

 

Tilbake til And-Ungen Tilbake til startsiden