Aktuelt fra distriktet

Tilbake til startsiden

Tilbake til oversikten

Andfjorden mot Toppsundet. Foto: Idar Nilssen.

Andfjorden

Av Edvard Ruud.

 

 

Hans Kristian Elvik har tatt vare på teksten.

 

Når Andfjorden blikkar ei sommarnatt

med gullglans nordover hav

ei stille susing eg høyrer radt –

og tidt ho meg sollengten gav –

 

Når Andfjorden vrir seg ein vinterdag –

vetlaus i villaste larm –

då kjenner eg hjarta med friske slag –

bankar vildt i min barm –

 

Om hausten når månen strår gullbru veg –

og glitrar på fjord og fjell –

då nynner eg stilt, - då tenkjer eg:

Ånei, slik ein fager kveld.­

 

Om våren når friskt ein solgangsvind

pustar himmelen klår –

då løfter eg hugen mot høgste tind –

og bivrar i lengting sår.­

 

Når fjorden ligg still og småbåra blidt

slikkar innatt mot strand –

då rørest ein streng i hjarta mitt

og lågar ein ungdomsbrann –

 

Ja, nattsola skein over vogga mi

inn i vår storvekrå

og Andfjorden brei frå tid til tid

eg leika med båten på­ –

 

Og når stundom eg vida for –

vanka på villan veg –

lokka og kalla min eigen fjord –

heimatt med sjumils steg –

 

Såleis har Andfjorden vogga seg inn

djupt i mi barnesjel -

og enno han syng meg i sjel og sinn –

og gjer meg hugvarm og sel -

 

Tilbake til startsiden               Tilbake til oversikten