Tilbake til Andoy

Aktuelt fra distriktet

Sommarfjøsen på Sørmela. Foto: Idar Nilssen.

Norske ordtak - og nordlandske

Av Finn Myrvang

      

Tilbake til oversikten Artikkelen er tidligere gjengitt i Håløygminne 1983 s. 331-336
 

 

Første utgåve av Ivar Aasens bok NORSKE ORDSPROG kom i 1853. Han venta strid om språkforma då, men den kom for alvor først fem år seinare (med "Fridtjovs Saga"). Folk flest såg nemleg på ordtaksamlinga hans som ei oppslagsbok på linje med grammatikken og ordboka - dei hadde ingen sans for den litterære side av saka. Samlinga vart då heller ikkje meldt av fagfolk på språk eller folkeminne; nokre allmenne avismeldingar var det heile.

Aasen hadde sjølv late P. Chr. Asbjørnsen få høyre forordet til boka, og Asbjørnsen omtalte dette seinare som "en lang Fortale, der indeholder meget som er godt og sandt, men naturligvis ogsaa adskilligt vrangt". Det han då hadde i tankane, var at Aasen stilte opp kravet om ei heilt norsk målform, ikkje berre ei dansk med litt norsk oppfiffing innimellom, og slik indirekte kritikk fall naturlegvis(!) ikkje i smak hos Asbjørnsen.

I førsteutgåva var innhaldet skipa etter emne (tema), men i andreutgåva frå 1881 gjekk Aasen tilbake til den enklare og meir vanlege ordninga med å skipe ordtaka alfabetisk etter det første tema-ordet. - Ei anna viktig side ved andreutgåva som han fleire gonger sjølv peikar på, er at denne held seg til normene frå NORSK ORDBOG, og han seier m.a. farvel til eksperimentelle former som "dan, dat, dar" (jamfør helgelandsk!) Eller som det er formulert i etterordet til den nye utgåva: "Vi kan difor gjerne seie at "Norske Ordsprog" frå 1881 gav hans siste vilje om skrivemåten for landsmålet. Etter det verket var det lite han skreiv for ålmenta". Det siste vil nok interessere folk som sjølv brukar nynorsk.

Opplysningane framfor er alle henta frå Reidar Djupedals etterord til Johannes Gjerdåkers nyutgåve frå 1982 (av Aasens andreutgåve), denne gongen også med namnet NORSKE ORDTAK på varetrekket. Etterordet aukar i høg grad verdien av Aasens arbeid for ettertida, ved å sette det inn i ein samanheng, som i dette tilfelle er Aasens samtid og livsgjerning.

Men som alltid er det lærerikt å studere også Aasens eigen "Fortale" til verket, takk vere han uvanlege evne til å drage hovudliner og formulere allmenne problemstillingar: "Sagen er, at der vel neppe kan gives nogen sikker Regel for hvad der skal henregnes til Ordsprog, og Bestemmelsen heraf vil altsaa for en stor Del beroe paa et Skjøn". Han definerer like vel ordtak som "de, som give en fuldstændig Mening, saa at de ikke behøve nogen Antydning af den Leilighed, ved hvilken de skulde bruges", mens munnhell eller vedstev etter hans han syn "ikke give fuld Mening for sig selv alene, men derimot støtte sig til en Leilighed, som i Øieblikket er forhaanden eller som forhen er nævnt og betegnet i Samtalen".

Men det er lett å vise at Aasen har vanskar med å drage skarpe grenser sjølv. Under ordtak fører han t.d. opp talemåtar som desse: "Den eine Handi tvær (eller vaskar) den andre. Ein Gong er ingen Gong. Det duger inkje ufreistat. Dei ljuga so lenge, at dei tru det sjølve. Ein kan ikkje faa mindre enn "Nei".

Han spyrr, som ikkje vil giva (sagt til den som tilbyr noko, men berre reknar med "nei takk") - på vesterålsk: Spør som ikkje vil gje! Vidare: D'er godt hava Varen med seg (frå Nordland). Ein veit ikkje langt ifraa seg".

Til munnhell rekar han derimot: "D'er beint fram som Fot i Hosa. Det stend fast, som det var i Berget bundet. Dei eta or same Sekken og drikka or same Bekken. Verja som hunden fyre Høystakken. Han sel ikkje si Høna i vaatt Veder (vesterålsk: han sel ikkje hønsen' i regnveret). Det kjem, som Jolaftan paa Kjerringi. Han gjeng som Katten um ein heit Graut. Det var som Kolven var ute or Bjølla. Der er alle lika nær, og alle lika kjær. Dei spara Skillingen og lata Dalaren ganga. D'er som aa skvetta Vatn paa Gaasi. Giv honom ei Spann (lengdemål), so tek han sjølv ei Aln. Det svanade, der det svall. D'er stundom Svengen, og stundom Sprengen. Det gjeng inn um det eine Øyrat og ut um det andre".

Dei fleste av oss ville nok utan å nøle kalle det meste av dette for ordtak. Men Aasen synes m.a. å legge vekt på formuleringa. Mellom ordtak finn vi: "D'er leidt aa hava Valet og taka Skalet", men derimot blant munnhell: "Han hadde Valet og tok Skalet". Med andre ord krev han at ordtaka skal ha allmenngyldig og ikkje situasjonstilpassa formulering.

I sin "Fortale" er Aasen og inne på noko som mealders og eldre folk av i dag enno kan skrive under på: "Vi ere vist mange, som kunne sige, at vi allerede i vore Forældres Huus have hørt saa mange Ordsprog, at hvis de alle vare optegnede, vilde det blive en ganske vakker Samling alene fra et enkelt Sted". Vi ser då også snart at samlinga hans er full av ordtak som er representative for heile landet. Men samtidig kan det slå oss at somme ordtak no blir nytta i ei meir korthoggen eller fortetta form enn den vi finn i "Norske Ordsprog". Det sviv for meg at Aasen - som tyr til vendingar som "fuldkommen Form", "sin fuldkomneste Form" - også sjølv kan ha høyrt ordtaket i noko snau utgåve, men ha fylt "setnings-emnet" meir ut, av pedagogiske eller harmoniske grunnar. Såleis finn vi at han fôrar på med fleire ord der vi her nord kan uttrykke oss så kort som dette:

"Allstad framme, ingenstad velkommen. - Stort bruk, stort sluk. - Som vettet er inne, så kjem det ut". - Men eigentleg er det vel berre ein avgrensa type "parallellismer" eller jamføringar som lar seg presse saman på denne måten, hos oss og.

Eit meir interessant spørsmål, som Aasen sjølv er inne på, er korleis fordelinga enderim - bokstavrim er, mellom ordtak og vers: "medens enkelte andre kunne have baade Bogstavriim og Stavelsesriim, hvorved de altsaa faae en særdeles fuldkommen Form; men saadanne Tilfælde er dog noget sjeldnere".

Dette ranst meg særleg i tankane då eg blant hans munnhell fann det korte: "Lat no den Fuglen fljuga (Lad den Sag fare)". Her hadde nemleg farmor mi på Andøya ein lengre og utprega rytmisk variant: "Lat den skillingen så fare, han var kje bere vunnen - lat den ongulen så fare, han var kje bere rørt".

Her er visst kjensla av vers nokså uavhengig av enderim eller bokstavrim. Like fullt var norrøn form for "vunnet" unninn, som gir rim med ongull - og kven veit om forma "rørt" er opphavleg? I alle tilfelle, meininga med ordtaket var nettopp å be einkvan "lade den Sag fare", når vedkommande meinte å ha skòra eit (lettvint) poeng, eller av ein eller annan grunn la billig skadefryd for dagen.

Andre slike vers-liknande ordtak er desse (mi eiga oppskrift i parentes): Kvardags Brud er heilagdags Su (eller Skitsu) (yrkedags fru og helgedags skitsu). Sume grina, sume gapa; alle fagre, som Gud skapar (noken grin og noken gapa; alt e skjønt, Vårherre skapa). Med Raad og Lempa kjem ein Kryp so langt som ei Kjempa (med list og med lempe vinn ein dverg på ei kjempe). Den som spinn sjeldan, finn korkje Rokk elder Snelda (den som spinn sjelda, han misse' både rokk og snella). Terren Hund fær rivet Skinn (biske hunda' får reve skinn, store kjempe' finn liken sinn). So mange Hovud, so mange Huglag (så mange skinn, så mange sinn).

Men i fleirtalet av tilfella har eg høyrt vendinga i akkurat den forma som Aasen har.

Ikkje heilt uventa: Aasen synest ikkje å rekne til dei eigentlege ordtak slike som vi ville kalle grov fleip, crazy-komikk eller svart humor. Grensen går ved den "moralske" eller sømmelege skjemt, ser det ut til. Blant ordtaka kan vi såleis finne desse:

Den som gøyr sjølv, han slepp å halda Hund. Naar Lukka er god, so grisar Galten. Han er uheppen, som svelt i Hel i Jolehelgi. Under ordtak fører han og opp det nokså tørre: D'er Magti, som raader. Rotet er snart brotet (Nordland).

Blant munnhell finn vi derimot: Det er Magti som raader, sa Guten; han skulde dengja Katten. D'er lett aa rotet riva, sa Kjerringi; ho reiv Øyrat av den andre. Her har elles nordlendingane sin eigen variant: Rote var snart brote, sa kjerringa, ho braut av banfoten.

Aasen plasserer stort sett alle dei andre morosame sentensane under munnhell:

Velsigna' Barnet, hadde du Vit til dette du! sa Kjerringi; Vesleguten hennar hadde stolet ei Tre-skeid. D'er betre Buk sprengja en god Mat slengja, sa Kjerringi.

Fulordi (el. Skitordi) er ikkje for mange; det er so mange som have skal, sa Kjerringi.

Det gjeng som du ser, sagde Halte-mannen til Blinde-mannen. No skal du sjaa, sa Mannen til den blinde Merri; og so køyrde han beint paa Veggen. (Hos oss: Skal vi sjå, sa den blinde til merra si, ho var og blind).

Kjøl-lengdi dreg, sa Merri; ho kappsprang med Sui (el. Purka).

D'er godt aa gjera med gode Greida, sa Mannen, han flo Merri med Navaren.

Eg kjenner Ulli, sa Mannen; han klipte Sui.

Det gjeng eg beint ifraa, sa Gjenta; ho tapte eit Barn i Dansen. (Slik på greitt nordnorsk: Var det ikkje det eg trudde, sa jenta, ho fødde.)

D'er høgt upp og langt fram, sa Kjerringi, ho saag (eller skaut) paa Maanen. Aa, giv eg laag, sa Kjerringi, ho sat i Sengi.

Det var ein, som stal, til han vardt rik, og so heldte eg upp, - sa'n Gamle-tjuven. (Han forsnakkede sig). Vi kunne vel føye til: Det sei di alle, sa mannen, han vitna i retten. Eller: Det kan vel vere noka i det, sa mannen, han hadde løye ifrå seg.

Her er vel ikkje rette staden å drøfte om Aasen gjorde rett i å skilje ut slike hermingar frå eigentlege ordtak, ei heller kor stor vekt ein skal legge på den kvinnediskriminerande tendensen som kanskje finst. T.d. finn vi denne sentensen: Det lyt eitt til Gaman vera, sa Mannen; han reiv Øyrat av Kjerringi. Derimot ikkje: Det var godt eg rakk å jule han opp i går, sa kjerringa, då mannen døydde. For ikkje å utelate det diagnostisk kontante "katteklinar og kjerringpinar"!

Kanskje er fleipe-ordtak eit yngre fenomen enn dei som er utkrystallisert i djupt alvor - men er det ikkje i mange tilfelle ein mager "visdom" som blir ståande igjen dersom vi sensurerer bort gapferdene?

Den tanken er nærliggande, at vittige sjeler til alle tider kan ha slått tilbake når gravalvoret tok overhand. Dessutan veit vi godt, slik Aasen også er inne på: "man vil tvertimod finde enkelte Exempler paa, at det ene Ordsprog netop modsiger det andet". Altså kan fleipevariantar av kjende og alvorsame ordtak ha vore naturlege og psykologisk sett effektive mottiltak. Og då er genren verd eit nærare (alvorleg!) studium.

Pedagogisk gjorde Aasen sikkert rett i å nytte dei allmene og harmoniske og ikkje altfor særmerkte formuleringar, når han hadde fleire å velje blant. Men det er freistande å nemne at nordlandske uttrykk og vendingar i fleire tilfelle kan verke vel så malande og slåande, rett og slett av di desse er mindre kjende og mindre litterære. Der Aasen har munnhellet "det er som aa gripa Aalen um Sporden", kan t.d. ein helgelending seie: "Det e som den oskrapa seien". Vi skal her nemne nokre andre munnhell med nordlandske variantar i parentes:

Han er baade Bjørn og Ukse (han e både bukk og bjønn). Du eig og du raader (dine vara' og mine penga'). Den eine Filla dengjer den andre (den eine lurva slår den andre i hel).

Det er ikkje langt paa fjorden faret (han e ikkje langt på fjorden flakka). Det er galet gjort og rangt uppsett (ho er rett gjord og rangt ihopsett!) Eg veit ikkje kvar det skal taka Land (kor det skal kvelde).

Det er ingi ’ra aa etter sjaa (der e inga æra å gå med han - eller forvanska: "begå").

D'er ikkje verdt aa giva bakarbarnet Braud (d'e inga sælebot å gje bakarbanet brød). Naar Barnet hev brent seg, so ottast det fyre Elden (brent ban e elden redd).

D'er ute med Blistringi, naar Leparne er av (d'e kje råd for gikta når ryggen er av).

Naar ikkje Grannarne rosa oss, so faa me gjera det sjølve (den får sjølv skryte som ikkje har bygda å lite på).

D'er faafengt aa klaga fyre Hunden og segja: Bikkja beit meg (sei til hunden at bikkja beit deg!) Det bit saart svolti lus (svultnaste lusa bit sårast). Det vil vera eit maat med allting (det skal vere måt med all låt).

Det veit alle Raad med ei vond Kjerring, utan den som heve henne (dei veit alle råd for ei gala kjerring, berre ikkje si eiga).

Skomakar-Borni have stundom verste Skoerne, og: Øyken til Smiden gjeng oftast uskodd (skomakarkjerringa og smedmerra går jamt skolaus).

Dette vart no, for å bruke eit anna velkjent munnhell, eitt smått og annat lite: At eg har sett nokre døme på nordlandsk seiemåte opp mot Aasens formulering, skal ikkje skjule den kjensgjerning at fleirtalet av ordtaka hans får ei svært heimleg og kjent form, iallfall straks vi moderniserer rettskrivinga så langt som det er naturleg etter hundre års skriftspråkutvikling.

Men samtidig kan vi slå fast at slagferdige nordlendingar minst like så effektivt som andre nordmenn fram til i dag har halde ordtak og munnhell blankpussa, ved å bite frå seg på ein slik måte at det har egga folk frå andre landsdelar til motinnlegg.

I Einar Seims langt yngre samling "Ordtøkje og herme" finn vi såleis: Dei høyrer ikkje heime i vår fjerding, sa nordlendingen, han siglde framom dei som låg på kvelvet. Likeins: Ein lyt stundom bruke både bøn og bannskap, sa nordlendingen. (Var det nokon som sa "Oluf"?) Det kan nesten sjå ut som om nordlendingen er god å ty til når det er noko ein har lyst å spissformulere, men samtidig vil ta sømmeleg avstand frå!

Korleis skal det så gå heretter, med det folkelege vett og uvett i form av ordtak, i ei tid då alt skal vere i teikneseriar eller på video for å falle i smak? I dag er det med ordtak og munnhell som med det talte ord i det heile, det viktigaste er å seie noko, ikkje at nokon høyrer etter: "Det er tungt aa tala fyre tome Stolar", lyder eit noko resignert ordtak i samlinga - det er just som det skulle vere tenkt på stortingssalen i somme høve! Men der har dei jo nettopp fjernsyn og andre medier å skjegle til. For som ordtaket seier: "Den som ikkje har noko å seie, kan like godt sende trøya si", eller med tanke på neste val: "teiande mann kjem sjeldan til tings".

 

Tilbake til oversikten          Tilbake til Andoy      Lokalhistoria