Aktuelt fra distriktet

Tilbake til Andoy

 

Gåter

 

Av Antonius Nordeng

Artikkelen er tidligere gjengitt i Håløygminne 1925 s. 19-22.

Tilbake til oversikten

Antonius Nordeng. Foto utlånt fra Tormod Nordeng. (Klikk for større bilde).

 

 

 

 

Det var forvitneleg å sjå alle dei gåtene som lektor Riksheim hadde i siste Håløygminne, og merknaderne til dei. Og for meg var det dess m e i re av interesse meddi eg sjølv har dreve med å samle gåtor. No har eg vore svært redd å ta med alle dei eg har høyrt, for eg vilde gjerne at dei fyrst og fremst skulde være nordlandske. Og eg har også ofte vore redd for at dei kunde vera tatt or blad og hefte i den seinare tid. No har eg likevel tatt så å seie alt med av det eg ha fått tak i og så har eg sett eit? Ved dei eg kjende meg utrygg på. Såleis har eg no i alt umlag 120 gåtor, Mange er likeeins som dei Riksheim har, men det finst og variantar, — somme betre og somme kleinare enn dei. Denne gongen skal eg berre få syne nokre av desse variantane, so skal eg seinare ein gong komme med dei gåtene som ikkje er i Riksheim si samling.

Men først vil eg pirke borti den merknaden Riksheim har til gåte nr. 79. Der seier han at ”forma jomfruens er visseleg lånt frå dansk", og ”navla er dativ eintal". No tør kje eg ordskiftast om dette, men berre halde fram mitt lekmannsyn. Det er to ”Jomfrue" på rokken, og kvar jomfru må då sjølvsagt ha sin ”navell (navl) og på dialekt heiter det ,,ein navvel" men “to navla". Og forma ”jom-fruens" er då heller ikkje eintal men fleirtal og vilde heitt heilt rett: ,,jomfruen(e) sine navla", men for rimet si skyld får vi desse to orda jomfru, og sine dregne saman. Eg veit ikkje om eg har gjeve denne utgreidinga slik form at lesa­ren kan få det klårt for seg kva eg meiner.

 

Men so var det nokre av variantane eg vilde ta med,dersom det ikkje tek altfor stor plass i ,,Håløygminne".

 

Nr.  1. om bokstaven a, har eg slik:

Det er ikkje i Vefsn, men i Rana,

ikkje i tre, men i grana

ikkje i Bergen, men i Bergensdal

og alle kjerringan' har det i sitt suppafat.

 

Nr. 18   — fjørpenna.    Denne forma er sikkert rettare enn hos R. men rettskrivninga er dansk.

I grønne lunden er jeg funden

hvor min moder lagde mig,

av kjøt og blod er jeg oprunden,

men kjøt og blod er ei i mig.

De høie herrer mon mig bære,

med skarpe knive de mig skjære.

Mange har jeg høit ophøiet,

mange har jeg dypt nedbøiet.

 

Nr. 29 — hoggestabben — har eg slik:

Det står ein ting i bondens gård

med fleire sår enn hunden har hår.

 

Nr. 30 må være ”rang"  —   eg  finn   kje meining i svaret. Hunden må heite ,,Ka".

 

Nr. 31  har eg slik:

Der stod ein hund på gøyenbakk

og såg seg ut mot havet.

Hundens namn det er no ,,Sagt"

gjett så ka det va det.

 

Nr.  33 — Dåpen (Jesu dåp):

I verda det va det,

Gud ikkje ha det,

drengen ga husbun’n det

gjett så ka det va det.

 

Dåpen var jo i verda då Jesus fekk han.

 

Nr. 35 — profeten Jonas må vera rang. Det var ikkje Liket (Jonas) men likkista (kvalen) som svævede.

Eg har denne forma:

 

Likkisten svævede,

liket bævede,

likkisten fik sin mad

mens liket sat og bad.

 

Nr. 37 — balsam – må og vera rang, for ingen blir våt på ,,k!auvan" av å gå til bekken. Det må då heller heite:

Kva er det som går over bekken

og ikkje blir våt på klauvan ?   

(Kalven i kua).

 

Nr. 38 — om katta — har eg denne varianten.

Framme som eit nøste

på midten som ein sekk

atte som ein kastekjepp.

 

Nr. 42 — krima (”snørret":)

Kva er det bonden hiv på dongen,

men kongen stikk i lommen ?

 

Nr. 46 — kyrkja:

Det står ein rein på ein stein,

fire føtter utan bein

der er brød, men ikkje bakt

der er vin, men ikkje brent,

der er bonn, men ikkje fødd

der er lik, men ikkje dødd.

 

Nr. 60 - moltebera :

Raudt i toppen,

gjer godt i kroppen,

går ut or buksen’ og inn i folk.

 

Nr. 71. — Silda (silda under isen):

Eg skal fortelle ei gåta,

det er om ho ingeber måta,

ikkje er ho ute

og ikkje er ho inne

og ikkje mellom

ber himmel og jord å finne.

 

Nr. 74 — slipesteinen.      

Denne gåta har  eg som to gåter. Eg tek dei med båe:

a) Kva er det som går rundt og gjer egg?

b) Kva er det som går rundt og pissar som ein ukse ?

 

Nr. 76 — sola (eg har ført gåta opp under: snøen)

Der kom ein fugl flyganes venglaus (snøen)

sette seg på eit tre rotlaus (jorda).

Så kom der ei jomfru gåanes fotlaus (sola)

tok han handlaus, 

steikt' han glolaus

og åt han tannlaus.

Nr. 77 kjenner eg — og med tone til, men kor tonen er frå har eg inga greie på.

 

Nr. 88 er ikkje noka gåta, men berre ei herming etter ein som ”bakar snakkvendt". Det lyr slik:

God gris granne!

Du har kje set nokka morra (morgon)

har fare forbi?

Atte var han framme,

svart var han kvit,

og i uksen var han som ein skalle.

Det blei tatt mykje med her, men eg meiner det er bra å ha gåtene slik ein finn dei på dei ymse stader — og serleg om ein kan finne betre former på ein plass enn på ein annan har det mykje å seie. Eg har normalisera mesteparten (frå dialekt,) men i somme gåtor rår dialekten. Gåtene på dansk har eg kje villa dialektisere.

 

Tilbake til oversikten       Tilbake til Andoy         Lokalhistoria