Tilbake til startsiden

Dampkjelen etter kullboringene på Ramsa. Foto: Idar Nilssen.

ANDØYMUSEET - eit attersyn

av Tormod Nordeng

 

Tilbake til Andøy  

Når eg i overskrifta og det etterfølgjande brukar namnet Andøymuseet, så gjeld det berre det gamle Andøymuseet i Risøyhamn.

 

  Etter møteprotokollen for museet er skipinga tidfesta til 18. november 1933, og møtestaden er menighetshuset på Dverberg. Men for å få med bakgrunnen for denne skipinga, må ein 12 år tilbake i tida - til 1921. Det året blei nemleg Andøy ungdomsfylking skipa i Bjørnskinn, den 23. oktober. Denne ungdomsfylkingen skulle vere ein «fellesnemnar» for ungdomslaga på øya.

Alt på dette første møtet kastar den nyvalde formannen, lærar Magnus Nilssen, Åse, fram tanken om kor gildt det kunne ha vore om nokon kunne ha tatt fatt på å samle gammalt frå øya, både folkeminne og gamle ting. Kvart ungdomslag fekk i oppdrag å velje ein medlem til å vere med i ei slik innsamlingsnemnd, og den 18. juni året etter var det eit drøftingsmøte på Myre. Her møtte høgskolestyrar Hans Eidnes frå Trondenes og heldt foredrag om innsamling av folkeminne. Agronom Henry Caroliussen, Bjørnskinn, blei vald til formann for nemnda. To år etter bed han seg fritatt, og i staden blir vald Peder Olsen, Åse. Samstundes driv Magnus Niissen på med innsamling av stadnamn.

I 1925 blir det vald ei nemnd til å finne ut noko om gamle klesdrakter. Med i denne nemnda var Marie Bø (no Storstrand), Aslaug Aase (Kristiansen), Magna Rydland, Bleik, Johannes Pettersen, Myre og Lyder Olsen, Haugnes. Seinare kom Sigrid Jørgensen, Skarstein, med i staden for Johs. Pettersen. Alt året etter la Magna Rydland fram for årsmøtet i Andøy ungdomsfylking det ho hadde funne ut om gamle kvinnedrakter, og dette arbeidet heldt fram nokre år. Derimot blei det lite gjort med innsamlinga av folkeminne.

I 1929 blei ein ny tanke kasta fram: eit hus til å samle gamle ting i, og i 1930 held Magnus Nilssen foredrag om eit framtidig bygdemuseum for Andøy, eit Andøymuseum. Dermed er to frø sådd og har slått rot: tanken om eit hus, og tanken om ein museumsorganisasjon.

På årsmøtet i 1931 refererte formannen i fylkingen eit tilbod frå Håkon Aronsen, Risøyhamn, om å få kjøpt den såkalla «Børvågstua» for 800 kroner. Huset var då i bruk som opphaldsrom for dei som arbeidde på slipers og båtbyggeriet i Risøyhamn, men skulle bort for å gi plass til nytt og større hus.

Tomt kunne ein få av kjøpmann Th. Benjaminsen - eit par hundre meter lenger nord. Dette med tomta blei det litt disputt om, for somme meinte at huset - og samlinga - burde vere midt på øya, men flyttingskostnadene sette stoppar for ei slik gjennomføring. På same møtet blei det vald ei flyttingsnemnd: Hans Aronsen (Uhre), Hjalmar Smevik og Arthur Aase.

For å betale dei 800 kroner som huset kosta, søkte fylkingen til Kaffistova, Svolvær, om eit lån på 500 kroner. I tillegg skulle ungdomsfylkingen stelle til ein inntektsfest. Lærar Nilssen greidde ut om «statuttar for museet», m.a. om kven som skulle eige og drive museet om fylkingen skulle bli nedlagt. I dag er vi klår over kor framsynt han var med desse tankane.

På eit styremøte i fylkingen i 1932 blei det første museumsstyret vald: Magnus Nilssen (formann), A. Nordeng og Oskar Nordgård. Samstundes blei det kasta fram ein tanke om å kjøpe skolehuset på Skarstein, som då var blitt ledig, men tanken vann ikkje fram.

På årsmøtet året etter, i 1933, blei det vald representantskap etter punkt 2 i lovene - 3 frå kvart herad: A. Nordeng, Hilberg Nordjord og Mikal Jenssen frå Bjørnskinn, Magnus Nilssen, Reidar Brækkan og Arne Fredriksen frå Dverberg, og Hjalmar Dalseng, Kåre Karlsen og Karl Myreng frå Andenes.

Ein frå kvart herad skulle vere med i styret, og formannen skulle vere den same både i representantskapet og styret. Dermed er ein komen fram til det første møtet i representantskapet, den datoen som er nemnd i innleiinga. Der møtte det 2 frå Bjørnskinn og 3 frå Dverberg, men ingen frå Andenes. A. Nordeng, Bjørnskinn, Magnus Nilssen, Åse, og Karl Myreng, Skarstein, blei valde i det første styret, og Magnus Nilssen blei vald til formann - mot 1 røyst. Dermed hadde snøballen begynt å rulle.

Den første tingen som styret kasta augo sine på, var den gamle dynamoen frå Bleik lysverk, men om dei fekk tak i han, seier ikkje møteboka noko om. Derimot nemner boka kjøp av to gamle børser (gevær) i Dalen - med krutthorn og kuleform, og seinare ein del «diverse» på Andenes. Men innsamlingsarbeidet held fram, og i 1936 er dei komne til 410 nummer i protokollen.

Praktisk talt alt er gaver, for det stod ikkje rart til med økonomien. Første «ønskjebudsjettet» er oppført med 500 kroner.

Rekneskapen for 1933/34 viser ei inntekt på kr. 245,50 og ei utgift på kr. 103,03. Neste året har dei inga inntekt, men brukar kr. 58,88 av overskottet frå året før. Dei resterande kr. 53,59 blir overført til 1935/36. Då får dei i tilskott og gaver kr. 66,25. Alt blir oppbrukt. Men året etter blir det betre - med gaver og tilskott på kr. 363,15. Av dette har los Bernhoff Jenssen, Andenes, gitt 100 kroner. Dette var ikkje småpengar i den tida, så han må ha vore ekstra interessert i arbeidet. Til samanlikning kan ein nemne ei anna gave frå same tida på kr. 1,25. Slik held det på dei næraste åra, og med eit par rikstilskott på 500 kroner kvar, er dei i 1940 komne opp i vel 1.000 kroner. Også under krigen blei det gitt ein del gaver og tilskott, og med dei 2.500 i husleige frå den tyske Wermacht og eit riksvederlag på 2.000 kroner, kunne dei starte etter krigen med ca. 10.000 kroner.

Det står ingen ting i møteboka om kva år Børvågstua blei flytta frå slipen og nordover til den tomta som var stilt til disposisjon av kjøpmann Th. Benjaminsen, men det må truleg ha vore i 1933. Flyttinga gjekk føre seg ein kveld pluss natta - med hand- og hestekraft. Det var ikkje mange bilar etter vegen i den tida.

Den einaste eg veit om som kom og skulle forbi, var lensmannen, O.K. Olsen med T-forden sin. Han måtte kjøre utfor vegen for ikkje å kollidere med huset - og blei hjelpt tilbake på vegen att sørom sperringa. 11934 er i alle fall huset på plass, og den 7. oktober har representantskapet møte der.

På årsmøtet i Andøy ungdomsfylking same hausten blir Dalseng, Brækkan og Nordeng trekt ut av representantskapet, men alle tre blir gjenvalde. Året etter var det Karlsen, Nilsen og Nordjord sin tur, og også desse blei gjenvalde.

1936 er eit svært aktivt år. Styret har 3 møte - mest for å bokføre dei tinga dei har fått tak i, og representantskapet har 1 møte. Det er opninga av museet som blir drøfta og førebudd. Dessutan har formannen og nestformannen møte med 2 representantar for kvart av ungdomslaga «Rett lei», Bjørnskinn og «Lyngblomen», Åse. Henning Nilsen og Hjalmar Stuevik møtte frå Bjørnskinn og Gunnar Kristiansen og Enok Jenssen frå Åse. Desse to laga hadde sagt seg villige til å ta seg av festen i samband med opninga 6. september. Festen skulle haldast i festivitetslokalet i Risøyhamn. Der skulle det vere festtale, korsong (Åse mannskor) og spelstykke. Inngangspengar til festen var 1 krone for menn og 75 øre for kvinner. (Tru om likestillingsombudet ville ha godkjent slikt i dag?) Inngangspengar til museet 25 øre. I møteboka har dei besøkande skreve namna sine, 116 i alt. Eit stort tall til den tid å vere. Ein ny milepel er nådd.

Så er det mest som det dabbar av med arbeidet. Eit møte i representantskapet hausten 1937 får berre 3 frammøtte, så dei kan ikkje velje styre. Dette blir gjort neste haust - då det møtte 7 stk. Utfallet blei det same som gongene før. Men i mellomtida har styret gjort avtale om kjøp av ein fembøring, og denne skal plasserast på museumstomta. Dessutan skal det leggjast steintak på museumsbygningen. 11940 må fembøringen «Haakon» vere komen på plass, for det er tale om å byggje hus over han. «Haakon» var bygd på Helgeland, men los Bernhoff Jenssen på Andenes kjøpte han i Lemingvær på Senja og overlet han til Andøymuseet. Det blei imidlertid ikkje noko av husbygginga, og Haakon» blei ståande under open himmel.

1. desember 1942 blei museumsbygningen rekvirert av den tyske Wermacht, og samlingane måtte pakkast ned og flyttast. Dei blei sett inn på låven og i fjøset til Magnus Nilsen i Risøyhamn, og der blei dei ståande til i 1980.

Etter krigen er det husnaud, og fleire er åt og vil kjøpe museumsbygningen til våningshus. Styret vil likevel ikkje selje - så lenge dei ikkje har anna hus i staden. Derimot blir bygningen bortleigd - for 10 kroner pr. månad.

1 1940 var det blitt kasta fram ein tanke om å få ei krigsminnesamling ved museet, men saka kjem ikkje tilbake.

Etter krigen er mange av dei gamle representantskapsmedlemmene borte, og det første møtet er eit sammøte mellom resten av representantskapet og styret i Andøy ungdomsfylking. Mange saker er oppe, men berre eit par er viktige for framtida. Den eine gjeld den framtidige organisasjonsforma for Andøymuseet, men kva den skulle gå ut på, er ikkje nemnd. Den andre saka gjeld kjøp av den gamle lensmann Gansmoestua på Myre. Styret får i oppdrag å arbeide vidare med denne saka. I 1958 legg formannen, som framleis er Magnus Nilssen, fram for styret framlegg til kjøpeavtale. Meininga er å flytte huset heilt, halve lengda i gongen, men huset blir i staden reve og flytta. (Sjå Harstad Tidende 6. mai 1960).

Ut gjennom 50-åra har museet fått tilskott frå dei 3 Andøykommunane på i alt 500 kroner året, så då huset skal kjøpast og flyttast, har dei ca. 15.000 kroner til disposisjon. Kjøp, riving, flytting og oppsetting kostar over 20.000 kroner (1959 - 1963), men i same perioden blir dei kommunale tilskotta auka, og då museet også får eit statstilskott på 10.000 kroner, står dei seg godt.

Men fembøringen «Haakon» er eit mørkt kapittel. Både han og den gamle museumsbygningen er i mellomtida blitt flytta frå den opphavlege tomta og ned til Magnus Nilssens eigedom på Hamarøya (Richard With's plass). Styret - supplert med bygningsfolk - har i 1963 ei synfaring og finn at det er lite vølingsvon i han. I staden vil dei prøve få tak i ein åttring eller liknande båt for å kunne vise fram til etterslekta den gamle båttypen. Men samstundes gjer styret vedtak om å prøve få tak i eit gammalt naust som kan flyttast til Risøyhamn, så ein ser at dei klengjer seg til eit halmstrå om at båten kanskje skal kunne bergast. Noko gammalt naust får dei ikkje tak i, men det blir gitt lovnad om tilskott til eit nytt. I 1970 blir det bygd - for nær 20.000 kroner, av dette tilskott frå Norsk kulturfond på 10.000 kroner.

Frå 1945 og fram til 1969 - 24 år - er det protokollført berre 4 styre- og representantskapsmøte. Men arbeidet har gått sin gang heile tida, så det er greitt at Magnus Nilssen har klart arbeidet åleine. Avisreportasjen i 1960 og ein i 1962 fortel i alle fall at arbeidet ikkje har stått heilt i stampe. I 1960-reportasjen er det lensmannsstua frå Myre som blir sett opp i Risøyhamn. Eldste delen av huset skulle vere frå ca. 1710, men huset blei påbygd i 1826. Den andre reportasjen er meir generell, men poengterer m.a. den historiske plassen som museet blir bygd opp på. Richard With budde her då han omkring 1880 gjorde opptakten til Vesteraalens Dampskibsselskab.

Magnus Nilssen døydde i mai 1969. 1 alle år er det han som har stått i brodden for museumsarbeidet - først tanken i 12 år, og så arbeidet dei neste 36 åra - 48 år i alt. Eit livsløp og eit livsverk.

Etter at Magnus Nilssen var borte, fekk Tormod Nordeng, som var komen inn i styret ei tid før, overlevert museumssakene. 1 1971 hadde dei gjenverande av det sist valde styret møte på Myre. Det var Karl Myreng, Hans D. Gansmoe og Tormod Nordeng. Så vidt eg kan skjønne, hadde Karl Myreng vore med i styret heilt sidan 1933. Dette møtet gjorde vedtak om å få ei fastare styring med museet - etter punkt 7 i vedtektene. (Sjå desse.) Men å skipe eit museumslag, såg ein lite realistisk. Derimot gjorde møtet vedtak om å be kommunestyret velje eit styre/arbeidsutval som kunne sortere under kulturnemnda. Dette blei gjort, og under skiftande leiingar blei ein del arbeid utført. Først oppsetting av naustet over fembøringen. Så reparasjon av Børvågstua: tak, vindu og yttervegger, og etterpå golvet og innvendig paneling. Det siste som har vore arbeidd med, er lensmannsstua. Rettnok var ho tett både på tak og i vegger, men alt innvendig låg i «rauan rødt». Ein del av panelet var av det gamle slaget - med berre not i borda og lause fjærer. Somme av veggene hadde vore rappa med leire, og her måtte det sementpuss på i staden.

Andre problem var det også. Eitt av dei var at skiftande riksantikvarar og fylkeskonservatorar hadde ulike meiningar om korleis arbeidet skulle utførast, og så kom det nye og ulike krav som slo føttene unna dei gamle. Men endeleg ser det ut til at planane har stabilisert seg, og dermed har ein betre kunna gjennomføre dei.

I dag er Andøymuseet fellesnamn for både Polarmuseet på Andenes og bygdemuseet i Risøyhamn. Museet har eit kommunevalt styre på 7 medlemmer. Bygdemuseet har fått godkjenning som halvoffentleg museum - med dei rettar og plikter som følgjer med, bl.a. årleg statstilskott. Medan Polarmuseet har vore tilgjengeleg i fleire år, har bygdemuseet vore stengt. Men etter eit intenst arbeid det siste året - med innvendig pussing og maling, innlegging av lys og varme og pussing av gamle gjenstandar, ser det ut til at det kan bli ei gjenopning i nær framtid. Berre synd at ingen av dei første forkjemparane får vere med på det.

Denne artikkelen ble skrevet i 1982.
 

Tilbake til startsiden

Jubileumsboka om Risøyrenna

Bestilling av boka: E-postadresse.